STORTINGSVAL 2009 Høgre frir til forskarane
(6.8.09, 08:14) - Valkampen handlar også om det som er viktig. Forsking er viktig, sjølv om vi neppe noen gong får sjå eit demonstrasjonstog til støtte for fleire post.doc-stillingar. Slik forklarte Erna Solberg besøket sitt på Marintek og Gassteknisk Senter i går. |
Erna Solberg, kort tid før NRKs katastrovemåling vart frmalagt for henne. Hadde ho ei aning om kva som var i vente? |
Høgreleiaren brukte nesten heile dagen på å besøke dei to tunge forskingsinstitusjonane. Spørsmålet er om ho prioriterte rett. Ikkje før var besøket overstått, så møtte NRK opp med ei fersk meiningsmåling i hendene: 11, 3 prosent er det lågaste Høgre har skåra på NRK si måling.
Lov å håpe
At spørsmålet var så til dei grader relevant, var ikkje Universitetsavisa klar over da vi eit par timar tidlegare spurde Solberg om dette besøket var rett bruk av knapp tid like før veljarane skal seie sitt. Svaret var altså ”valkampen handlar også om det som er viktig.”
|
Konserndirektør Unni Steinsmo sette stor pris på Erna Solbergs besøk. |
- Har du sett noko teikn til at dei andre partia tenkjer like eins, og vil gjere forskinga til ein viktig del av valkampen?
- Nei, ikkje så langt, men det er lov å håpe. Eg håpar ikkje vi kjem dit at oljealderen blir ståande igjen i historia som den epoken der vi ikkje investerte i framtida, sa Høgreleiaren. Ho hadde følgje av blant andre listetopp i Sør-Trøndelag Linda C. H. Helleland og leiar for Unge Høgre, Henrik Asheim.
Vil bruke oljepengar
Høgrebesøket i går heng nøye saman med Solbergs ferske invitasjon til innspel om klimaløysingar. Høgre har invitert alle som vil til å seie sitt om kva for forskings- og kompetansetiltak og investeringar.
Noreg bør satse på for å bidra til klimaløysingar nasjonalt og internasjonalt. Partiet viser til handlingsregelen, som opnar for at Stortinget kan bruke 500 milliardar kroner frå Oljefondet dei neste ti åra. Høgre vil bruke inntil ein femdel av dette på klimatiltak. Auka basisløyvingar til forsking, ein forpliktande tiårsplan og eit større fond for investeringar er blant verkemidla partiet går inn for.
Dobbel opera
Dette var søt musikk for Marintekdirektør Oddvar Aam, som presenterte visjonen om The World Ocean Space Center.
- Snakkar vi ein opera her? spurde Solberg.
|
Forskingssjef Jon Harald Kaspersen forklarer fleirfaseteknologi for Erna Solberg og Linda C. H. Helleland. I bakgrunnen Maria Barrio og Nils Røkke. |
- Vi snakkar to, fikk ho til svar. Senteret er kostnadsrekna til ti milliardar kroner.
Solberg og følgjet hennar fikk sjå både skipsmodelltanken frå 1939 og havlaboratoriet frå 1979. Bodskapen var at den nye, store visjonen burde kunne stå klar ved neste 40-årsbøye, i 2019.
Sintefs konsernsjef Unni Steinsmo uttrykte glede over at Solberg prioriterte å komme på besøk:
- Det er viktig at politikarane prioriterer verdiskaping, og viser genuin interesse for forsking og næringsutvikling. Vi er nøydde til å investere i kunnskap, slo ho fast.
- Ikkje gløym olje og gass
På Gassteknisk Senter vart Solberg og Co ønska velkommen av blant andre administrerande direktør Sverre Aam i SINTEF Energiforskning. Da hadde tvillingbroren på Marintek alt åtvara, så Solberg skulle sleppe forvirringa.
Leiaren for senteret, Maria Barrio, presenterte visjonen deira for olje- og gassforskinga i framtida. Ikkje minst åtvara ho mot å gløyme denne forskinga til fordel for fornybare energikjelder. I ordskiftet mellom politikarane og forskarane fikk ho kraftig støtte på dette punktet. Blant anna da Solberg spurde:
Kva med lagringa?
- Korleis går det eigentleg med CO2-lagringa?
|
Maria Barrio og Sverre Aam lytta engasjert til Erna Solbergs innspel og spørsmål. |
- Da vil eg vise til det internasjonale energibyrået, som slår fast at vi kjem til å bruke like mykje fossilt brensel i 2050 som i dag. Det vil seie at vi må reinse all kol og åtti prosent av gassen om vi skal halvere utsleppa, svarte Sverre Aam.
Han fikk følgje av Sintefs klimadirektør Nils Røkke, som slo fast at lagring av CO2 på havbotnen ikkje er spesielt komplisert, og som viste til marknadsverdien av CO2-handtering: 20.000 milliardar kroner, det vil seie 20 billionar. Det er bakteppet når Gassteknisk Senter no er i ferd med å fullføre anlegget for CO2-handtering til over 100 millionar kroner.
Småpengar
Med slike vyar må det vere for småpengar å rekne når Gassteknisk Senter skisserte sitt førebels svar på Høgres invitasjon til klimainnspel:
- Oppfylle klimaforliket gjennom 300 nye millionar i 2010.
- Auke olje- og gassforskinga frå 400 til 600 millionar årleg.
- Auke fondet for investering i tunge laboratorium frå 10 til 25 milliardar.
Av Albert H. Collet (tekst og foto) |