LESERBREV Arvid Staupe: Medbestemmelse ved NTNU
(25.8.09, 10:52)
Merkeleg konklusjon:
Vi har nett fått tilsendt epost:
Medbestemmelse ved NTNU - et steg i riktig retning?
Med vedlegg "Tiltaksplan for medvirkning og interkommunikasjon - høringsforslag".
I kap 2, "Rammer og avgrensninger", drøftes mellom anna respons ved Rokkansenterets spørjeundersøking. 28% av dei tilsette gir som svar at deira eigen medvirkning ved NTNU er blitt forverra, "ingen endring" eller "vet ikke" utgjorde 63%. Ut frå dette pluss liten svarprosent og stor grad av nøytrale svar, er konkusjonen i høyringsutkastet at det er ikkje noen akutt situasjon.
Nå er nok ordet "akutt" noe uklart, men 28% vil sei at nesten 1/3 av dei tilsette føle ein forverra situasjon. Det er mange det. Ser vi på valdeltakinga ved dei seinare val, så har heller ikkje deltakinga vore noko å skryta av. For eksempel var det ved eit institutt berre 2 av studentane som stemte av omlag 300 med stemmerett. Kva tyder dette? Likesele eller missnøye - mi stemme betyr ikkje noko så likevel?
Arvid Staupe |