LESERBREV Gunnar Tufte: Spørsmål om PagaWeb
(25.9.09, 11:57)
Etter å ha prøvd PagaWeb sin imponerande dårlege reiserekningmodul for fyrste gong sit eg med eit par spørsmål som eg ikkje får ut av hovudet:
1: Er det nokon med til dømes IT/data/EDB-kompetanse som har kvalitetssikra dette produktet før innkjøp? Viss nokon har testa det er det interessant å eventuelt få vite kven.
2: Det ligg mykje personlege opplysningar inne i systemet, til dømes lønn, ferie og fråvær. Eg ser at det vert angitt ei verdensvevadresse "...bluegarden.net/..." i nettlesaren. Betyr dette at alle personopplysningar ligg på maskiner som bluegarden.net har tilgong til?
Eg er ikkje akkurat imponert av dette produktet. Eg klarar ikkje å la være å stille spørsmål om sikkerheiten er god nok i eit produkt som er så slett som PagaWeb.
Er det nokon som kan svare på dette?
Helsing
Gunnar Tufte |