LESERBREV Astrid Lægreid: Kven sin akademiske fridom, Tora Aasland?
(10.11.09, 10:52)
Staten Israel har lenge latt vera å respektere det internasjonale samfunnet, FN, sine resolusjonar og har i staden halde fram med systematisk vanvørnad av det palestinske samfunnet. Ein alvorleg konsekvens av dette er at palestinske universitet opplever ei kraftig svekking av akademisk fridom som er eit sentralt vilkår for utvikling av ein demokratisk samfunnskultur (jamfør odelstingsproposisjonen om Lov om akademisk fridom, nr 67, 2006-2007)
I denne vanskelege situasjonen, og på dette grunnlaget, støttar eg oppmodinga om at NTNU som institusjon innfører eit tidsavgrensa opphør av institusjonelt samarbeid med israelske akademiske og kulturelle institusjonar for slik å ta avstand frå staten Israel sin noverande politkk og dei konsekvensane denne har for akademisk fridom i det palestinske samfunnet. Ei slik grunngjeving av opphør av samarbeid er etter mi meining det sentrale fundamentet for den foreslåtte akademiske og kulturelle boikotten av staten Israel. Og på denne bakgrunnen vil eg støtte han.
Eg oppmodar såleis til at NTNU som institusjon avsluttar pågåande samarbeidsavtalar med israelske akademiske og kulturelle institusjonar og at NTNU, så lenge aksjonen varar, ikkje inngår nye samarbeid med eller drøftar eventuelt framtidige samarbeidsavtalar med slike institusjonar.
Eg oppmodar til ein institusjonell akademisk og kulturell aksjon retta mot nettopp institusjonane sjølve der individuelle israelske akademikarar og kunstnarar ikkje råkast når dei ikkje opptrer på vegne av eller som representantar for israelske institusjonar.
Eg oppmodar NTNU-tilsette om å vise solidaritet med ein slik institusjonell aksjon gjennom på individuell og frivillig basis å avstå frå samarbeid med israelske akademiske og kulturelle institusjonar. For eigen del vil eg oppretthalde akademisk samarbeid med israelske statsborgarar også innanfor rammene av ein slik aksjon.
Eg forventar at ein slik aksjon frå NTNU som institusjon vil føre til ein meir intensiv dialog med israelske akademikarar og kunstnarar om kritikkverdige sider ved staten Israel sin politikk og omkring nødvendige endringar. Langt frå å vera ein aksjon som trugar den akademiske fridommen vår, er dette ein handlemåte i tråd med det særskilte ansvaret vi - universitetet som uavhengig samfunnsinstitusjon - har for å utøve kritisk og konstruktivt samfunnsengasjement for på denne måten å bidra til global demokratiutvikling, velferd og fred.
Astrid Lægreid
Professor, Institutt for kreftforsking og molekylær medisin |