WHAT og WHERE
(8.9.02, 20:43) Fagfolka deler defekten "Visual processing" inn i to, ut frå kva for prosessar som er involvert. Den eine heiter "dorsal stream" og vert kalla "Where" - kor hen. Dette er kopla til raske forandringar i omgjevnadene, og kan også relaterast til lokalisering og kan hende lesing. Dyslektikarar har problem her.
Den andre faktoren handlar om problem i "ventral stream" og vert kalla "What." Dette er kopla til kognitive oppgåver som gjenkjenning, form og farge. Dysfunksjonar her kan gjere at ein har problemer med mellom anna å kjenne att form og fargar.
Dorsal og ventral
Synsinntrykk treff først retina (netthinna). Neste stasjon er visuell cortex. Derifrå deler synsinntrykka seg i to straumar. Den eine går til parietal cortex, som er området i hjernen som styrer rørsleområdet, og som går på å plassere objekter i omverda. Dette er dorsal stream.
Den andre straumen går frå visual cortex til temporal cortex. Det er dette som går på visuell gjenkjenning - i hovudsak form og farge.
Dyslektikere har problemer med dorsal stream, medan dei klossete har problem med både dorsal og ventral stream. Les hovedartikkel:
Klossete ungar oftare dyslektiske
|