Klossete ungar oftare dyslektiske
(8.9.02) Motorisk usikre barn har store problem med det som vert kalla "visuell prosessering." Førsteamanuensis Hermundur Sigmundsson har undersøkt ungar med og utan slike problem. |
Hermundur Sigmundsson har forska på klossete ungar i fleire år. (Foto: Tore Oksholen) |
Sigmundsson forskar innan feltet persepsjon og rørslevitskap. Ut frå slik forsking, gjort ved NTNU og andre stader, er det kjent at dyslektikarar også har store motoriske vanskar. Av ei gruppe på ti dyslektikarar reknar ein med at tre til fire er motorisk klossete.
Men nå har Sigmundsson, saman med forskaren Joel Talcott ved Oxford University, funne at klossete barn, vurdert som gruppe, har vesentlege problem med det vi kallar "visuell prosessering". Dette omfattar fleire tilhøve enn dysleksi. Å vere fargeblind er ei liding som kjem innunder omgrepet visuell prosessering.
Samanheng
- Når det gjeld dysleksi og motoriske vanskar, veit vi at det er ein samanheng mellom dei to lidingane. Nå ser det ut til at vi er komne eit steg nærare ei mulig forklaring. Årsaka til at nokon utviklar begge type lidingar, kan vere problem relatert til visuell prosessering, seier Sigmundsson.
- Men mykje står att. Det har vore svært lite forsking som har retta seg mot kognitive funksjonar hos barn med motoriske vanskar.
Stor skilnad
Sigmundsson og Talcott undersøkte 24 barn, tolv med motoriske problem og tolv utan. Enda om gruppa er lita, er forskjellane store og statistisk særs signifikante, seier han. Ungane med motoriske vanskar hadde problem med både ’dorsal stream’ funksjon og ’ventral stream’ funksjon.
- Kva kan desse resultata nyttast til?
- Motoriske problem og dysleksi er komplekse fenomen som vi enno veit lite om når det gjeld årsaker og verknader. Vi må vite meir om dette før vi kan gjere noko med det. Ny kunnskap her kan hjelpe oss til å finne nye former til å lære opp ungane slik at problema deira vert mindre merkbare, seier Sigmundsson.
Problem i trafikken
- Problem knytta til visuell prosessering gjer at ein spør om korleis desse som har denne typen lidingar, fungerer i til dømes trafikken. Då treng vi å sjå på både barn og vaksne, seier Hermundur Sigmundsson.
Undersøkinga til Sigmundsson og Talcott er publisert i tidsskriftet Behavioural Brain Research.
Av Tore Oksholen Les også:
WHAT og WHERE
|