NTNU-student i USA 11/9: Auka framandfrykt
(11.9.02) Dr.ing.-student Jo Eidsvik studerte ved Stanford, Silicon Valley, i september i fjor. Han var i USA fram til årsskiftet. - Vi merka auka framandfrykt, seier Eidsvik i dag. - Det var ein del saker i mitt nærområde der muslimar vart trakasserte. Elles var det temmeleg roleg der eg var. Men det kan nok ha å gjere med at vi var langt vekk frå New York. Folk i Silicon Valley er svært fokusert på jobbane sine, seier han.
|
Jo Eidsvik. |
Diskuterer lite politikk
NTNU-studenten vanka mykje saman med andre europeiske studentar. Her var det mange engasjerte diskusjonar om etikken ved det amerikanske motsvaret, seier Eidsvik.
- Det var mitt inntrykk at dei amerikanske studentane i mindre grad førte slike diskusjonar.
Av Tore Oksholen Les hovedartikkel:
Vanskelegare å få studentvisum til USA
|