"Åndenes hus"
(9.10.02) Senter for grunnforsking vart evaluert av Forskingsrådet i 1997. Rapporten fekk tittelen "Åndenes hus i Drammensveien." Konklusjonen den gang var at senteret gav "en god institusjonell ramme for å drive grunnforskning i et internasjonalt miljø og på høyt nivå."
Senterleiar Ole-Jørgen Skog fortel at senteret ventar ny evaluering frå Forskingsrådet om ikkje så lenge. Anna evaluering skjer ved at leiarane for dei ulike gruppene skriv ein rapport etter endt opphald. Vitskaplege artiklar vert lagt ved.
Gav prisar
- Gruppa mi hadde svært godt utbytte av året mitt ved senteret, seier professor Ola Listhaug ved Institutt for sosiologi og statsvitskap.
Professor Listhaug leia ei gruppe ved senteret i 1997-98, med tema opinionsdanning.
- Eg fekk høve til å samle personar som eg har hatt samarbeid med frå inn- og utland, på ein plass. Det andre er at vi både hadde etablerte og unge forskarar saman. Dette var viktig for forskar-aspirantane, seier Listhaug.
Han viser til Beate Huseby og Toril Aalberg som seinare begge fekk Stein Rokkan-prisen for sine avhandlingar.
- Eg er nokså sikker på at året ved senteret bidrog til dette, seier Ola Listhaug. Her finn du CAS sine heimesider på nettet. Les hovedartikkel:
Stille asyl for søkjande akademikarar
|