MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Stille asyl for søkjande akademikarar (9.10.02)

Oslo, eit stykke nede i Drammensvegen: Ein vakker, okergul mursteinsbygning i fire etasjar. Vi går rundt på baksida. Ringer på ein kjellardør. Slepp inn, går ned ei trapp. Inn ei dør. Her er det stille. Svært stille.

Det går om lag tre Dragvoll-kontor av normal storleik på Michael Jones romslege tenkestove i Oslo.
Vi er i lokala til Senter for grunnforsking ved Det norske vitskapsakademi. I ti år har senteret bydd på eit indre asyl for frustrerte forskarar: Frustrerte, fordi dei aldri synest dei får tid til å forske.

Seier professor Michael Jones, senterets siste asylant: - Her er det godt å sitje.

Senter for grunnforsking har forkortinga CAS på engelsk - Center for Advanced Study. Tidlegare heitte det senter for høgare studiar også på norsk, men namnet vart endra for betre å dekkje kva aktivitetane eigentleg går ut på. Den engelske tittelen er likevel så innarbeidd at den vert ført vidare.

Universitetet ikkje for forsking
Etter trappa ned til kjellaren går vi inn ein korridor, som leiar inn i enno ein korridor. Undervegs passerer vi det eine kontoret etter det andre, med glassvindauge frå golv til tak (med gardinar som kan trekkjast for).

FAKTA

NTNU-ere ved CAS-senteret dette året er:

  • Professor Michael Jones
  • Professor Erling Berge
  • Professor Ken Owring
  • Professor Brynjulf Owren
  • Post.doc Gunnhild Setten
  • Post.doc Elena Celledon

    Senter for grunnforsking feirar tiårsjubileum i år. Til einkvar tid skal senteret huse tre forskingsgrupper; Innan samfunnfag og juss, innan humaniora og innan naturvitskapene. I år har følgjande tre grupper tilhald ved senteret:

    - Geometrisk integrasjon. Professor Harald Munthe-Kaas, universitetet i Bergen, og professor Brynjulf Owren, Institutt for matematiske fag, NTNU.
    - Estetikk og erkjenning. Professor Jostein Børtnes og professor Tomas Hägg, Universitetet i Bergen.
    - Landskap, rettspraksis og rettferd. Professor Michael Jones, Geografisk institutt, NTNU.

    Til saman kan åtte forskarar vere med i kvar av dei tre gruppene. Opphalda varierer frå heile året til nokre få veker.

  • I inste hjørne sit Michael Jones;

    - Dei fleste opplever universitetet som ein ikkje spesielt veleigna stad til å drive forsking, stadfester professor Jones, og presiserer synspunktet slik:

    - God forsking forutset tid - til å tenke og til å skrive utan å bli forstyrra. Arbeidsdagen ved eit universitet er fragmentert, som eit puslespel med bitane spreidd utover, utan at ein har sjanse til å samle dei. Dagane vert stykka opp av undervisning, av studentar som skal ha råd og vegleiing, av administrative gjeremål - pluss at det som kjem ovanfrå: Orgut, kvalitetsreform osb. Alt dette går ut over forskinga, seier Jones.

    Behov for ro
    Men han legg raskt til:
    - Ein må ikkje misforstå meg og tru at eg ønskjer studentane vekk: Men ein har sjølv behov for å komme seg bort av og til. Dei fleste av oss har mykje ugjort; Prosjekt ein ikkje blir ferdig med.

    Året ved senteret kjem utanom forskingsterminen som fast tilsette akademikarar har kvart fjerde år.

    Jones skal vere her eit år for å forske på landskap, rettspraksis og rettferd. Målet er å bringe saman forskarar innan geografi, historie, rettshistorie, sosiologi og landskapsplanlegging. Han har fått eit budsjett som skal dekke opphald og reiseutgifter for dei fast tilsette forskarane, pluss post.doc-stipendiatar og gjesteforskarar frå utlandet.

    Den ordinære løna for fast tilsette ved NTNU er det universitetet sjølv som dekker.

    To av NTNU-arane som nett no oppheld seg ved senteret i Oslo. Det er professor Michael Jones frå Geografisk institutt (t.v.) og professor Brynjulf Owren frå Institutt for matematiske fag.
    Kvalitet
    - Det spennande med senteret er at kvalitet er einaste kriterium. Omsyn til geografisk spreiing, kollegiale omsyn og slik, er fråverande, seier professor Jones. Det einskilde universitet nominerer sine kandidatar, medan det er styret for senteret som gjer den endelege utveljinga. Kandidatane vert utsett for internasjonal evaluering før endeleg utveljing.

    - Dette fortonar seg som sjølve draumetilværet for alle akademikarar?
    - Mange ser det nok slik.

    - Men greier du å isolere deg heilt?
    - Nei, og det ønskjer eg ikkje heller. Vi har felleslunsj, og fellesareal utaføre kontora. Det er lagt opp til at ein kan ha lange og gode samtaler - ikkje minst på tvers av faggrensene. Men vi har tid til å tenke.

    Tekst og foto: Tore Oksholen

    Les også: "Åndenes hus"