Geir Lundestad: Støttar Berge
(14.10.02) - Siste avsnitt i grunngjevinga frå Nobelkomiteen si tildeling til Jimmy Carter kan ikkje tolkast anleis enn som kritikk av USA, sa direktør ved Det norske Nobelinstituttet, professor Geir Lundestad. Lundestad var i Trondheim for å halde foredrag om tilhøvet mellom USA og Europa, i høve feiringa av tiårsdagen for Institutt for sosiologi og statsvitskap.
Under fredspristildelinga sist fredag vart det ein kontrovers mellom leiar i Nobelkomiteen, Gunnar Berge (Arbeidarpartiet), og menig medlem i same komité, Inger Marie Ytterhorn frå Framstegspartiet.
Universitetsavisa spurte historieprofessoren om komitéleiaren si kritikk av USA under grunngjevinga for tildelinga, etter Lundestads meining ligg innafor grensa for komiteen sitt mandat. Han svarte med å slå fast at Berge hadde grunnlag i teksten frå komiteens grunngjeving.
- Så trakk altså Berge teksten så langt at Ytterhorn fann å måtte reagere, slo Lundestad fast, og signaliserte at slike kontroverser mellom komitemedlemmene er til å leve med. Les hovedartikkel:
- USA og Vest-Europa glir frå kvarandre
|