MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

- USA og Vest-Europa glir frå kvarandre (14.10.02)

USA orienterer seg meir og meir mot Stillehavet og mot Latin-Amerika, medan Vest-Europa vert gradvis meir USA-kritisk. Det spådde professor Geir Lundestad i eit foredrag på Dragvoll mandag ettermiddag.

Det var Institutt for sosiologi og statsvitskap som hadde invitert Lundestad til Trondheim. ISS feirer tiårsjubileum i desse dagar.

Den demografiske utviklinga i USA får konsekvensar for politikken, meiner Geir Lundestad.
Foredraget til Lundestad trekte eit smekkfullt auditorium XV på Dragvoll. Lundestad talte om tilhøvet mellom USA og Europa. Først åtvara han sterkt mot å spå om framtida. Så trekte han opp nokre linjer for kva han trur kjem til å skje mellom dei to kontinenta.

- Men det kan vere eg tek feil, åtvara han.

Demagogi og demografi
Lundestad spår auka avstand mellom Vest-Europa og USA i åra som kjem. Nato vil sannsynlegvis bli ført vidare, og tilhøva vil ikkje vere prega av kriser og konflikt. Men verdsdelane vil orientere seg vekk frå kvarandre, politisk, kulturelt og økonomisk.

Her trekte han mellom anna fram den demografiske utviklinga internt i USA, kor sør- og vest-statane har teke over folkefleirtalet, som nå er på femti millionar. Det tyder at det liberale, Europa-orienterte nord- midt- og aust-USA ikkje lenger har tunga på vektskåla når president og fleirtal i nasjonalforsmling skal veljast.

Kennedy sist ut
- Den siste presidenten som vart vald frå dei sistnemde regionane, var John F. Kennedy, minna Lundestad om.

Ei anna demografisk endring går på etnisk avstamming. I dag er amerikanarar med etniske røter i Europa i mindretal både i California og på Hawaii. (Kategorien "hispanics" vert rekna som latinamerikanarar.) Denne utviklinga vil vare ved.

Vender seg mot Stillehavet
Når ein legg saman desse trendane, får ein eit USA som vender seg stadig meir vekk frå Europa, og dels mot Mexico og Latin-Amerika, dels mot Stillehavsregionen. Europa er rett og slett ikkje så viktig for amerikanarane lenger.

Til dette kjem to andre faktorar: Det eine er at USA nå er blitt så ufatteleg mykje sterkare militært enn alle andre, Vest-Europa/Nato inkludert. Det andre er at det konservative USA nå har fått makta. Dette er grupper som har stor glede av å fortelje europearane kor lite dei har å seie.

- Men ein skal ikkje tolke for mykje ut av dette. Bill Clinton var ikkje stort betre i så måte - han var berre flinkare av å gje inntrykk av at han brydde seg om kva europearane meinte, sa Lundestad.

11/9
Også i Vest-Europa ser vi tendensar til å ville markere auka avstand til USA.

- Gerhard Schrøder vann antakeleg det tyske valet på at han så klart markerte at Tyskland ikkje ville vere med på nokon krig mot Irak, sa Lundestad.

Her kjem fenomenet "11/9" inn for fullt, forklarte professoren. Det er ikkje lenger nokon sams trussel som kan sameine USA og Vest-Europa. Sovjet er historie. 11/9 og det som følgjer med, kan ikkje ta Sovjets plass i så måte. For amerikanarane har åtaket på Twin Towers vorte ein merkestein. Slik opplever ikkje vi det frå vår side av Atlanteren.

Tekst og foto: Tore Oksholen

Les også: Geir Lundestad: Støttar Berge