Skatte-hjelp for akademikarar
(22.10.02) Team Utland er ein eigen seksjon ved Trondheim Likningskontor. Seksjonen har som oppgåve å gi service til utlendingar som arbeider i Norge, og norske som arbeider i utlandet. NTNU-akademikarar som skal forske, studere eller undervise i utlandet kan ha stor nytte av tenestene Team Utland kan by på.
- Norske skatteavtaler kan variere ein heil del frå land til land, fortel leiar for Team Utland, Irene Lund. Saman med Knut Bye (t.v. i bildet) og Alisher Artykov ved seksjonen fortel ho om tenestene dei tilbyr.
Nye reglar
I nokre land, som til dømes Frankrike, kan norske forskere fortsetje å skatte til Norge ei viss tid, medan andre land, som Italia, krev at ein skattar lokalt frå første arbeidsdag.
Frå 1999 kom det nye skatteregler som har mykje å seie når dreg til utlandet.
Det såkalla globalprinsippet gjer at du skattar til både heimlandet og til arbeidslandet. Til dømes kan norske som arbeider i Storbritannia, bli ilagt skatt også i Norge (gjeld både akademikarar og andre med mellombels jobb i Storbritannia ). Heilt annleis stiller det seg altså når det gjeld akademikar-utveksling med USA.
NTNU-kontakt
Av dei som arbeider i Team Utland, har Bye og Artykov eit spesielt ansvar for å halde kontakten mot NTNU. Artykov understrekar at ein er oppteken av målretta informasjon mot universitetet.
- Vi er opptekne av å gje god service. Det så mange ulike avtalar ute og går, og så komplisert regelverk, at det er lett å gå seg vill, seier Knut Bye
Også utanlandske akademikarar, studentar og gjesteførelesarar i Norge kan ha god nytte av tenestene Team Utland gjev.
- Vi byr til dømes på særskilt rask handsaming av dei som kjem hit for korte opphald, kan hende for eit gjesteforedrag eller noko slikt.
Vidare hjelper Team Utland til med utfylling av sjølvmelding og informasjon om reglar for busetting i Norge.
Snail-mail
Når det gjeld generelle spørsmål, kan ein ta kontakt via e-post til Team Utland.
Men Lund presiserer likevel at spørsmål som gjeld den einskildes personlege skattetilhøve, framleis må gå via snail-mail - mao vanleg postgang.
Lund viser elles til at ein har etablert ein ny vegleiingstelefon for Skatteetaten i Sør-Trøndelag. Tilbodet er eit prøveprosjekt som vart starta i sommar og som kan brukast av alle – grønt nummer er 810 20 200. Les hovedartikkel:
Forskar utan skatt: Sju av ti NTNU-arar til USA
|