Fysikk: Seks av ti strauk
(31.1.03, 10:52) Seks av ti studentar strauk til eksamen i andreårsemnet SIF4004 Fysikk. Studentane skuldar på elendig undervisning. |
Sørgjeleg syn: F’ar så langt auget rekk. |
Universitetsavisa har omtala elendige eksamensresultat i fysikk og matematikk før. Situasjonen ser ikkje ut til å ha vorte monaleg betre. For høyr bare:
Av til saman 128 elektronikk- og kybernetikkstudentar som tok eksamen i fysikk i fjor haust, fekk 78 karakteren F – med andre ord stryk.
Om ein ser nærare på tala, ser ein at elektronikkstudentane utmerker seg med ein eklatant botnnotering: 48 av 60, eller nøyaktig åtti prosent, strauk. (Talet for kybernetikk isolert er 44 prosent.)
Forklaring?
Kva er forklaringa?
I heisen opp til femte etasje i realfagbygget, der karakterlistene ligg framme, trefte vi ei gruppe studentar som var på veg for å sjekke resultatene sine i akkurat dette emnet. Resultatet var ikkje mykje å skryte av: E, E, D, F og D. Med andre ord eit stryk, ti med dårlegaste ståande karakter, og to med nest dårlegaste.
Likevel plasserer desse fem, som gruppe vurdert, seg i øvste del av totalen: For om dei var på gjennomsnittet, skulle tre av fem ha dumpa.
Feil øvingsoppgåver
Dei fem er ikkje nådige når vi ber dei om å gje sin karakter til fagemnet. Klart stryk, er deira evaluering. Hovudkritikken går på at undervisninga ikkje har nokon samanheng med øvingsoppgåvene som følgjer med. Dersom ein skulle basert seg på bare å løyse eksamensoppgåver, var det opplegg for stryk, sa somme.
|
- Undervisningsopplegget stod til stryk, meiner (f.v.) Øyvind Rislå, Lasse Bjermeland, Anders Fougner, Olav Horgen og Karsten Vatn. Alle er andreårsstudentar ved teknisk kybernetikk, og alle tok eksamen i 4004 Fysikk i desember i fjor.
|
- Pensumtull
Undervisaren gav inntrykk av ikkje å ha oversikt over kva det skulle bli undervist i. Pensumlista fekk studentane ikkje før rundt første desember, 1-2 veker før eksamen - medan ein retteleg skal ha lista klar ved starten på semesteret.
Misste motivasjonen
Fleire av studentane syntes vidare at det til dels vart undervist i emne som ikkje var del av pensum.
- Alt dette førte til at vi tidleg i semesteret fekk inntrykk av eit dårleg og tilfeldig undervisningsopplegg. Dette øydela motivasjonen for mange av oss, seier dei fem studentane. Dei presiserer at kritikken ikkje nødvendigvis rammar undervisaren direkte, men snarare instituttet som legg rammevilkåra for undervisninga.
- Andre karakterar gode
Når vi spør dei fem om kva for karakterar dei fekk i dei andre eksamenane dei tok i fjor haust, fekk ein to A’er; ein annan ein A, ein B og ein C, ein tredje ein A og ein B, osb. Det er med andre ord ikkje spesielt fagleg svake studentar det her er tale om.
Prøvekaninar?
Representantar frå begge klassane har vore i møte med instituttet for å endre opplegget. Det er enno for tidleg å seie om undervisninga vert endra til neste år.
- Vi trur instituttet vil ta konsekvensane av kor gale det gjekk, og endre opplegget. Det er i så fall bra. Men vi som vart ”offer” denne hausten, kjenner oss mest som prøvekaninar. Det er inga god kjensle, seier dei fem studentane.
Tekst og foto: Tore Oksholen Nokre fagområde med høg strykprosent Les også:
- Sjokkert og forbanna
|