MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Nei til særlovselskap (24.2.03, 13:21)

Dei fem fagforeiningane ved NTNU seier eit unisont NEI til universitetet som føretak/særlovselskap. Rektor Eivind Hiis Hauge har tidlegare signalisert at han er positiv til ein slik overgang.

NTL fryktar for at både særavtale, forskningsfridom, fag, oppseiingsvern, demokrati og kvalitet blir skadelidande om universiteta blir omdanna til føretak eller særlovselskap.
Det var Mjøsutvalet som tok initiativ til ei endring av eigarformen av universitet og høgskular. I dag er dei statlege forvaltningsorgan. Dersom dei vert såkalla 'eige rettssubjekt,' tyder det at dei vil få langt større grad av fridom enn i dag.

Det finst tre ulike måtar ein kan organisere ei slik formell fristilling på: Som statsføretak, som statsaksjeselskap eller som stiftelse.

Forskarforbundet: - Ikkje noko å tene
Kristin Dæhli er tillitsvald for Forskarforbundet, som har om lag 750 medlemmer ved NTNU, og seier på vegne av sitt forbund:

- Ut frå informasjonen vi har fått så langt, er vi kategorisk avvisande. Vi kan ikkje sjå at det ligg noko incitament som tilseier at universitetet vil ha noko som helst å tene på overgang til å verte særlovselskap.

Det kan bli aktuelt med ein sams front mot NTNU-styret si handtering av denne prosessen, seier Dæhli.

- Dei ulike fagforbunda har sams interesser her. I Forskarforbundet oppfattar vi universitetsstyret si handtering av styring og leiing som ein målretta prosess i retninga av universitetet som særlovselskap. Det ligg ein klar strategi bak, meiner Dæhli.

Ho synest NTNU-rektor Eivind Hiis Hauge er uklar på dette spørsmålet: - Det er vanskeleg å få ut av han kor han vil. Han er utydeleg i møte med dei tilsette.

Dæhli etterlyser vilje til dialog frå NTNU-leiinga si side: - Vi opplever at vi som fagforeining ikkje vert lytta til i det heile. Vi har meir enn sutring å komme med – vi prøver å vere konstruktive. Men då¨må vi bli tatt med på råd.

NTL gir ut brosjyre
Sturla Søpstad er leiar for Norsk Tenestemannslag ved NTNU. Med sine knappe 800 medlemmer er NTL det største ved universitetet.

NTL er det forbundet som argumenterer mest aktivt mot universitetet som føretak. Såleis har NTL delt ut ein eigen brosjyre med ti argument mot føretak. Argumenta er desse: 1) Særavtalen for vitskapleg tilsette ryk,
2) forskingsfridomen er trua,
3) fag vert lagt ned,
4) tilsette vert sagt opp,
5) pensjonen er trua,
6) tilsette får mindre påverknad,
7) NHO-toppar får stor påverknad,
8) Demokratiet vert svekka,
9) kvaliteten taper,
10) å tene pengar vert det viktigaste.

Søpstad er kritisk til NTNU-rektor Hauge si haldning til NTNU som særlovselskap: - Eg har alltid oppfatta han som positiv til særlovselskap, meir positiv enn kva eg er komfortabel med.

NIF: - Skeptisk
Professor Bjørn Skallerud er leiar for Norske Sivilingenørers Forening. Han seier: - Vi er i ferd med å setje oss inn i saka. Eg synest brosjyren som NTL har gitt ut, er eit godt utgangspunkt for vidare debatt.

- Eg er skeptisk til tanken om særlovselskap. Etter det eg har forstått, er det ganske gode moglegheiter innanfor dagens system til å oppnå større handlingsfridom – sjølv om eg nok er usikker på kva det er ein ønskjer å oppnå med dette. Ein må gjere det klart kva som eventuelt er feil med dagens ordning, seier Skallerud.

- Dersom ein misser tenestemannslova og dagens pensjonsordning, vert NTNU ein heilt annan arbeidsplass.

- Du seier at du er ”skeptisk.” Tyder det at du held døra på gløtt?

- Om eg skal halde døra på gløtt, har Rektor ein svær salsjobb å gjere.

Skallerud meiner det er viktig å vurdere kva for røynsler andre institusjonar har gjort seg: - Vi må sjå på røynslene frå Chalmers og Danmarks Tekniske Universitet, som har prøvd ut organiseringsmåtar som likner på føretak. Dette er institusjonar som det er naturleg å samanlikne seg med.

2FO: - Meiningslaust
2FO Fleirfagleg fellesorganisasjon har 350 medlemmer ved universitetet. Leiar her er Jomar Finseth.

- Vi er negativ til NTNU som særlovselskap. Først og fremst fordi det er ikkje greia ut enno, så vi veit ikkje kva det vil innebere for NTNU, seier Finseth.

- Vår viktigaste innvending er at tenestemannslova forsvinn, samt uheldige konsekvensar for pensjonskassa. Vi ser heller ikkje nokon meining i dette. Vi synest at NTNU har stor handlefridom i dag, seier Finseth.

Han oppfordrar NTNUs styre til å gjere meir for å finne moglegheiter under universitetslova slik ho er nå. - Retten til medbestemming er god i dag, det veit vi heller ikkje korleis vil bli dersom NTNU vert særlovselskap.

- Vi er ikkje mot alle endringar, det må eg presisere. Men vårt fokus er i første rekke på medlemmene våre sine rettar.

Finseth etterlyser elles betre informasjon frå leiinga om kva dette vil føre til – dersom det er dette styret vil.

Utdanningsforbundet: - NTNU ingen bedrift
Utdanningsforbundet har mellom 50 og 60 medlemmer ved NTNU. Hovudtillitsvald Randi Moxnes Karlsen signaliserer sterke meiningar om dette.

- Eg underskriv eitt hundere prosent på argumentrekka NTL har lagt fram. Vi som universitet har eit heilt anna samfunnsmandat enn ein vanleg bedrift eller anna kommersiell verksemd. Vi skal drive forsking, og utdanne studentar.

- Marknadskreftene skal ikkje avgjere kva vi driv med. Det er ingen andre enn vi som kan ta på seg ansvaret med å tilføre samfunnet nødvendig kompetanse. Det kan ikkje vere opp til marknaden å avgjere kva for fag ein skal tilby, seier Randi Moxnes Karlsen.

Finland: Har også planar
Også finnane syslar med tanken på å gjere universiteta meir bedriftsliknande. Ei utgreiingsgruppe som har teke for seg heile det finske utdanningssystemet, kjem no med forslag i den retninga.

Rapporten har ikkje hausta applaus frå universiteta sjølve, og heller ikkje Finlands underviningsminister har vist spesiell begeistring for innhaldet.

Storbritannia: Universitet slit
Privatisering løyser ikkje naudsynleg alle økonomiske problem. Det viser situasjonen som mange britiske univeristet er inne i. Rekordmange universitet er på veg inn i akutte gjeldsproblem, viser ein offentleg undersøking.

Seksti høgre utdanningsinstitusjonar reknar såleis med underskot på budsjetta ved utgangen av finansåret. Det er avisa Independent som skriv dette.

Av Tore Oksholen

Artikkelen i Independent finn du her
Les også: Rektor: - Reelt handlingsrom viktigast