Tilsette kjenner seg pressa
(24.9.03, 09:42) - NTNU har feil fokus i denne saka. Å vere eldre er ikkje det same som å vere uproduktiv. Fokus må vere på korleis ein får fram gode forskingsrekruttar, seier Kristin Dæhli i Forskarforbundet. |
Kristin Dæhli: - Dette smaker av skjult nedbemanning.
Arkivfoto: NTNU Info/Lisa Olstad |
- Vi forstår universitetets behov for å få inn rekruttar, men vi synest det er feil fokus å rette merksemda på korleis ein skal få eldre til å slutte.
Mange gamle eit problem?
Er det ikkje eit problem at kvar femte vitskapleg tilsette ved NTNU er over seksti år?
- Jo, det er eit problem fordi ein ikkje har gjort nok for å fylle på bakfrå. Men problemet er som sagt rekrutteringa, ikkje dei eldre som sit på masse erfaring og kompetanse.
Frykter du folk vil kjenne det som at dei vert pressa ut av jobben?
- Ja, dette gjeld ikkje bare sekstiåringar, men også dei som er langt yngre. Kvalitetsreforma er den siste av ei serie tiltak som gir eit press som får folk til å bli utmatta, meiner Dæhli.
- Kvalitetsreforma, i kombinasjon med andre 'effektiviseringstiltak', pressar tilsette til å arbeide meir enn eitt årsverk i året. Arbeidsgjevar har ikkje synt interesse for å følgje opp med tiltak som støttar opp om arbeidssituasjonen til dei tilsette, meiner Dæhli. Dette gjer etter hennar syn at mange nå kjenner seg utmatta.
- Arbeider meir utan ekstra betaling
- Eitt norsk årsverk er rekna ut til å vere på 1687,5 timer Vi har ikkje møtt eitt institutt som tek dette på alvor. Dei fleste lagar arbeidsplanar som fordrar fleire arbeidstimar enn dette, utan å ville gje arbeidstakarane ekstra betalt eller på anna måte kompensere for meirarbeidet, seier ho.
Dæhli synest at det ligg noko overlagt i denne kombinasjonen av høgare press, og letting av vilkåra for eldre medarbeidarar å pensjonere seg.
Skjult nedbemanning?
- Ein kan lure på om arbeidsgjevar nå driv med ei form for skjult nedbemanning. Nå høyrer vi stadig oftare at tilsette nemner avtalefesta pensjonsordning (AFP) som løysing for å kome ut av vanskelege arbeidsforhold. Det høyrde vi aldri for bare nokre år sidan, seier Kristin Dæhli. Les hovedartikkel:
Seniorar kan slutte tidlegare - men alle vert ikkje erstatta
|