MENINGER:
 LESERBREV:
  Brynjulf Owren: Tidskrifter og papirforbruk
  Ivar A. Bjørgen: Retten til arbeid. Tanker omkring Brevik-saken
  Rigmor Austgulen: Morsmelk – over og ut?
  Soilikki Vettenranta: JULEGAVE MED BISMAK
  Odd W. Andersen: Smelting i Antarktis
  Berit Kjeldstad og Mads Nygård: ”Mens vi venter på NTNU”
  Allan Krill: For mappa mi
  Greta Aune Jotun: Jøder og arabere, hvem okkuperer hva?
  Bjørn K Alsberg: Å koke suppe på en spiker
  Bjørnar T Kvernevik: Svar: Læresteder i klemme
 

  NYHETSKLIPP
  Stempling: Tromsø innfører ikke
  Sett denne ørnen før?
  Fant jernalderens “missing link”
  130 universitetsansatte kan miste jobben
  Nytt forskningssenter for stamceller
  Skriver Svalbardbok
  Ny mastergrad i bærekraftig arkitektur
  To nye erstatningssaker
  Jerusalem Post: Boikottforslag vekker internasjonal fordømmelse
 

  BILDESERIER
  Immatrikuleringen 2009
  Festmøtet 2009
  Kreator 09
  Bildesymfoni
  Finanskrisen i pepperdeig
  Rocke-Pelle, Rocke-Olsen, swingskjørt og kvinnelige forelesere
  Badekarpadling 2008
  Karrieredagen 2008: Mett på twist
  Immatrikulering 2008
  Shell Eco-Marathon
  Se alle bildeseriene

 REDAKSJONEN:
Tips oss på:
tips@universitetsavisa.no

Ansvarlig redaktør:
Tore Oksholen

Kildehenvisning må benyttes ved kopiering av alt innhold fra dette nettstedet.
Avisas retningslinjer og redaksjon

 

Seniorar kan slutte tidlegare - men alle vert ikkje erstatta (24.9.03, 09:42)

Om lag kvar femte vitskapleg tilsette ved NTNU er over seksti år. Dei som ønskjer det, skal få hjelp til å slutte før dei blir 67. Men det er ikkje sikkert at stillingane deira går til nye faste tilsettingar.

Slik fordeler seniorane seg på fakulteta.
Styret ved NTNU har sett av åtte millionar kroner til personalpolitiske omstillingstiltak. Ein stor del av pengane vil bli brukt til å lette avgangen til seniorar i faglege stillingar. Akademisk tilsette som nærmar seg pensjonsalderen, og som kjenner behov for å gje seg, får høve til det gjennom desse midla.

Åtte millionar
Har NTNU nokon seniorpolitikk? Spørsmålet vart stilt til dåverande personaldirektør Knut Veium i 1995. Den gongen var svaret nei. Men nå er noko på gang.

Dei åtte millionane som Styret har sett av til omstilling, omfattar meir enn seniortiltak. Kompetanseheving av tilsette, korleis lokke til seg attråverdige fagfolk, og meir, er nemnt i underlagsdokumentet. Men omsynet til seniorane står høgt oppe på lista:

Meir pensjon

  • Auka pensjonsgrunnlag for å stimulere til avgang før 67 år.
  • "Stipend" eller tillegg for å kompensere for mindre pensjon i alderen 62-65.
  • Andre tiltak: Utdanningspermisjon med løn for å kvalifisere seg ut av institusjonen; ekstra ferie det året ein sluttar; permisjon med løn for å prøve seg i annan stilling; hospitering i anna verksemd betalt av NTNU.

    Desse tiltaka gjeld ikkje bare for vitskapleg tilsette – men det er her hovudfokuset er. Korleis unngå akademisk forgubbing, og korleis skape fagleg fornying ved NTNU?

    Per Kjøl: - Ingen skal kjenne seg pressa til å slutte.
    Arkivfoto: Total Consult
    Eit tilbod du kan seie nei til
    - Vi vonar med dette at seniorar som sit og kjenner på at dei ikkje lenger trivst, eller som har ein kompetanse som ikkje passar med oppgåvene, kan nytte høvet til å takke av, eventuelt gå over i anna arbeid.

    Det seier Per Kjøl i Organisasjonsavdelinga. Han er oppteken av at det dreier seg om frivillege ordningar - ingen skal kjenne seg pressa ut av stillingane sine.

    - Nokre medarbeidarar kan fint halde fram i stillingane til dei har fylt sytti. Andre kjenner seg slitne, og dei bør få moglegheit til å slutte før tida, seier Kjøl.

    Dublering
    Men det er ikkje bare snakk om å stimulere folk til å slutte. Ein set også av midlar til dublering - at eininga får lønspengar til å tilsette ekstra folk i ein overgangsperiode, for slik å førebu seg på ein avgang som vil kome snart.

    Dette er tiltak som er spesielt velkomne for institutt og fakultet med mange arbeidstakarar i gruppa 60-67 år. Ei fakultetsvis oversikt viser at Fakultet for naturvitskap og teknologi har den største andelen akademikarar over seksti år (31 prosent), medan Fakultet for arkitektur og biletkunst følgjer hakk i hæl (28 prosent).

    I den andre enden av skalaen finn vi Det medisinske fakultet (10 prosent) og Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing (13 prosent).

    Færre faste stillingar
    Dei som sluttar, vert ikkje utan vidare erstatta, poengterer Per Kjøl.

    - Det skal ikkje ligge nokon form for automatikk i dette. Kan hende er det slik at stillingsressursane bør bli flytta over til eit anna fagfelt, eller det kan vere formålstenleg å gjere den faste stillinga om til ei åremålsstilling, knytta til andre tilsetjingsformer, seier Kjøl.

    Av Tore Oksholen

    Les også: Tilsette kjenner seg pressa
  •