Roar Arntzen: Sjefen over alle sjefar
(15.5.03, 20:13) Ein sjukehusdirektør har mangt å tenke på. Som at han kan hende må spare inn ein milliard på det nye sjukehuset. Som at han om to år har 15 anestesilegar og 30 anestesisjukepleiarar for lite. Som at Brann-supportarar - medan laget deira er på veg til slakt på Lerkendal - kan kome saman med alvorleg sjuke i pasienthotellet. Det siste sender eit gys gjennom trøndersjukehuset. Tekst og foto: Tore Oksholen
_________
"Er du sliten, stakkar?" var fyrste spørsmålet eg fekk då eg var attende på kontoret etter å ha følgd Roar Arntzen fem timar på jobb ein vanleg tysdag i mai. Bak spørsmålet låg venteleg ei oppfatning av sjukehusdirektøren som ein som alltid er i 100.
|
Direktørkontoret er ikkje overdrive luksuriøst - sjølv ikkje stumtenar har Arntzen fått seg. Frakken er stappa inn i ei ledig hylle. |
Ikkje det at det går seint unna. Absolutt ikkje. På veg til kontoret hans, klokka fem på åtte, tidleg til oss å vere, ser vi ein morgonfrisk mann i rask gange, på veg til sitt første møte. Men det er likevel noko slentrande over Arntzen. Han ser heile tida ut som han skal til å bryte ut i latter. Det viser seg å stemme.
Ein skulle jo elles ikkje trudd at ein sjukehussjef har mykje å le av. Det måtte i så fall vere i kategorien galgenhumor: profesjonskamp, underskot, ventelister, korridorpasientar...
Derfor er svaret er på det innleiande kollegiale spørsmålet for så vidt "nei:" Men det er å undrast over at ikkje Arntzen vert sliten.
Roar Arntzen er ingeniøren som for åtte månader sidan gjekk frå ein spennande og utfordrande jobb som sjef for Sintef, til jobben som sjef for legar i hundretal og sjukepleiarar i tusental ved St. Olavs Hospital. Han er 56 år snart, og når denne jobben har slitt han ut, er han for gamal til å starte på nytt. Det har han heller ikkje planar om:
- Eg kjem ikkje til å vere adm.dir. her etter fylte seksti, men eg trivst godt og vonar eg kan forsetje i annan jobb ved sjukehuset.
Vi tek det kronologisk. Altså: Les også:
08:00 - Dei stressar oss opp, held oss på tå hev. Det er bra.
Les også:
09:45 - Skulle vi gå inn med kampanjar á la "Blenda vaskar kvitare"?
Les også:
10:00 - Legar og sjukepleiarar nærer ein grunnleggjande mistillit til kvarandre
Les også:
11:30 - Det er forstemmande å sjå kor nøgde korridorpasientane er.
Les også:
12:30 - Det kan bli skikkeleg jævlig, Arntzen!
Les også:
13:00 - Ein skal knas godt for å bli mør.
|